Hopp til innhald

Linux

Fra Wikipedia - det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om Linux-tufta operativsystem og naerskylde emna. For sjolve kjernen, sja linuxkjernen.
Linux

skapar(ar)Linus Torvalds
Utgjeve17. september 1991
Nyaste versjon6.14 (24. mars 2025)[1]
PlattformDEC Alpha, x86-arkitektur, x86_64, ARM, PowerPC, RISC-V, MIPS
Skrevet iC
Bygger paLinux-kjernen
LisensBerre GNU General Public License v2
Nettstadhttps://kernel.org

Linux er eit operativsystem, tufta pa open kjeldekode. Nemninga Linux gjeld eigentleg berre Linuxkjernen, men vert og nytta om heile Linuxdistribusjonar, som i tillegg til Linuxkjernen inneheld mykje programvare, som fleire ulike bibliotek, brukargresesnitt, verktoy og brukarprogram fra GNU-prosjektet.

Linux vart opphavleg utvikla for Intel 386-mikroprosessorar, men stor no fleire ulike prosessorarkitekturar. Det vert nytta i alt fra personlege datamaskinar til superdatamaskinar. Det finst og fleire miniversjonar for sma innbaka system som mobiltelefonar og videokamera. For eksempel, er Linux brukt som kjerna i mobiloperativsystemet Android.

Etter a ha vorte utvikla mest av einskilde entusiastar i byrjinga, har Linux fatt stotte av store selskap som IBM og Hewlett-Packard. Dette har gjort at proprietaere operativsystem som versjonar av Unix og Microsoft Windows har mista marknadsdelar til Linux i tenarmarknaden. Tilhengjarar og mange analytikarar gjev leverandoruavhengigheit, lage realiseringskostnadar, tryggleik, tilgjenge til kjeldekode og stabilitet mykje av aera for denne framgangen.

Linus Torvalds, skaparen av linuxkjernen
For meir om dette emnet, sja Kronologi for utviklinga av Linux.

Linuxkjernen vart opphavleg skriven som ein hobby av finnen Linus Torvalds, medan han studerte ved Helsingfors universitet. Torvalds brukte opphavleg Minix pa datamaskina si, ei forenkla kjerne skriven av Andrew Tanenbaum for undervisningsforemal i operativsystemdesign.[2] Tanenbaum stotta ikkje utvidingar i operativsystemet sitt, noko som fekk Linus til a skrive ein avloysar til Minix. Sjolv om ein minixkjerne opphavleg var naudsynt for a installere og koyre Linux, gjekk Linux systemet raskt forbi Minix i funksjonalitet.

Den forste versjonen av Linuxkjerna vart lansert pa Internett i september 1991, og den andre versjonen kom i oktober same aret.[3] Sidan den gongen har tusenvis av utviklarar fra heile verda delteke i prosjektet. Eric S. Raymond sitt essay The Cathedral and the Bazaar[4] diskuterer utviklingsmodellen av linuxkjernen og liknande programvare.

Historia om GNU, eit fri-programvareprosjekt leidd av Richard Stallman, heng tett saman med Linux-historia. GNU-prosjektet vart starta i 1983 for a utvikle eit fullstendig Unix-aktig operativsystem, inkludert programvareutviklingsverktoy og brukarprogram, alt som fri programvare. Ved lanseringa av den forste versjonen av Linuxkjerna hadde GNU-prosjektet produsert alle naudsynte komponentar av dette systemet bortsett fra kjernen. Torvalds og andre tidlege kjerneutviklarar tilpassa kjernen til a fungere med GNU-komponentane for a skape eit fullverdig operativsystem. Kjernen er lisensiert under GNU General Public License (GPL), men er ikkje del av GNU-prosjektet. GNU-prosjektet har sin eigen kjerne, GNU Hurd, men den er framleis under utvikling.

Pingvinen Tux er logoen og maskoten til Linux (det er mindre vanlege representasjonar; sja OS-tan). Namnet <> var det Ari Lemmke, som fann pa. Han var administrator pa ftp.funet.fi, og kalla FTP-mappa der Linuxkjenen fyrst var tilgjengeleg[5] for Linux. Linux-varemerket (nummer 1916230)[6] er eigd av Linus Torvalds, registrert for <> Lisensieringa av varemerket vert no handsama av Linuxmerkeinstituttet.

Linux og GNU/Linux

[endre | endre wikiteksten]

Grunna GNU-biblioteka og programma stammar nesten alle linuxdistribusjonar fra eit fritt operativsystemprosjekt som er eldre enn linuxkjernen sjolv. Richard Stallman og Free Software Foundation ynskjer at det kombinerte systemet (uavhengig av distribusjon) skal verte referert til som GNU/Linux. Sjolv om somme distribusjonar brukar dette namnet -- isaer Debian GNU/Linux -- omtalar dei fleste systemet som Linux. Skiljet mellom Torvalds sin kjerne og operativsystemet Linux er ei konstant kjelde til forvirring, og namnet fortset a verta nytta i ulike tydingar.

I mars 2003 saksokte SCO Group (SCO) IBM der dei skulda IBM for a ha bidrege med delar av SCO sin intellektuelle eigedom til Linuxkjernen, og hadde brote vilkara i IBM sin unixlisens. I tillegg sende SCO ut brev til fleire selskap der dei atvara om at bruk av Linux utan a betale lisens til SCO kunne resultere i soksmal, og hevda i pressa at dei kom til a saksoke individuelle Linux-brukarar. Denne kontroversen har involvert soksmal fra SCO mot Novell, Daimler Chrysler (delvis avvist i juli 2004), og AutoZone, medan Red Hat og andre har saksokt SCO. Til dags dato har SCO ikkje kunna syne fram prov pa skuldingane om kopiert kode. Den mest utfyllande dekkinga av saka er gjeven av Groklaw.

Distribusjonar

[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Linux-distribusjon.

Linux er eigentleg berre ei operativsystemkjerne. Eit komplett operativsystem krev i tillegg mykje meir funksjonalitet, som ulike programvarebibliotek, brukargrensesnitt, verktoy, osv. Nar Linux-kjernen vert kombinert med naudsynte tillegg vert det kalla ein <>, ofte forkorta til <>. Linux-distribusjonar vert sett saman av individuelle personar, frivillige lag og diverse profesjonelle organisasjonar. Dei inkluderer det meste av programvare og visse prosessar for a installere det. Distribusjonar vert tilpassa mange forskjellige foremal, inkludert lokaliserte omsetjingar, maskinarkitekturar, tenarmasinar (nokre utan grafisk brukargrensesnitt), arbeidsstasjonr, Det finst og sanntidsversjonar tilpassa innbaka system. Nokre distribusjonar inneheld berre fri programvare. Pa grunn av at storparten av tilleggsfunksjonaliteten er tufta pa open programvare med GNU-lisens vert Linux-distribusjonar ofte kalla <>.

Ein typisk allbruksdistribusjon inkluderer Linuxkjernen, GNU-bibliotek, kommandolinekonsoll (skall) og skrivebordmiljo, verktoy som kompilatorar og feilfinnarar, pluss ei stor mengd brukarprogram som kontorprogram, multimediaprogram, kommunikasjonsprogram, osb.


Utbreiing og bruk

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det naudsynt med noko datakompetanse for a kunne installere og konfigurera ein Linuxdistribusjon. Pa grunn av dette og at kjeldekoden er tilgjengeleg har Linuxbrukarane tradisjonelt vore meir teknologisk orientert enn brukarar av Microsoft Windows og Mac OS. Men etter kvart har Linux har vorte meir brukarvenleg og for dei siste versjonane er ikkje brukarterskelen hogare enn for Windows elle Mac OS. Linux har hatt vesentleg framgang tenarmaskinar, tungreknarar, biletehandsaming, innbaka system og sanntidsoperativsystem. Framgangen pa skrivebordsmarknaden, derimot, har gatt mykje tregare.

Skrivebordmaskinar

[endre | endre wikiteksten]

Skrivebordmiljoa KDE og GNOME liknar mykje pa kva ein finn i Mac OS eller Microsoft Windows. Det finst og mange andre skrivebordsmiljo og fleire tekstbaserte Unix-aktige kommandoskal. Grafisk Linux-programvare eksisterer for mange nisjar, men framleis er det som regel storre utval for proprietaere operativsystem.

Tenarmaskinar

[endre | endre wikiteksten]

Linux er hjornesteinen i sakalla LAMP-tenarar (Linux, Apache, MySQL, Perl/PHP/Python) som har nadd utbreidd popularitet mellom nettutviklarar, og no er ein av dei vanlegaste tenarmaskinane.

Innbaka system

[endre | endre wikiteksten]

Linux er og ofte bruka i innbaka system. Lage kostnadar gjer det saers nyttig i heimeelektronikkbokser (set-top box) og for maskiner som Simputer, ei datamaskin retta saerskild mot laginntektsfolkegrupper i utviklingsland. I mobiltelefonar er det eit alternativ til mellom andre Symbian OS. I handhaldne maskiner er det eit alternativ til det dominerande Windows CE og Palm OS. Populaere TiVo PVR brukar og ein tilpassa versjon av Linux.

Tungreknarar

[endre | endre wikiteksten]

Linux er i stadig aukande grad nytta som OS i superdatamaskiner, no sist pa 64-bit AMD Opteron i Cray XD1 [treng kjelde].

Marknadsdelar

[endre | endre wikiteksten]

Linux var ein gong sett pa som eit operativsystem som berre data-geekar kunne bruke, men i dag er det mykje meir brukarvenleg, med mange grafiske grensesnitt og applikasjonar med liknande funksjonalitet av dei i populaere proprietaere operativsystem.

Marknadsdelen for skrivebordsbruk er framleis liten, men stadig veksande. I folgje marknadsforskningsselskapet IDC brukte 25 % av alle filtenarar og 2,8 % av skrivebordmaskiner Linux i 2002.[treng kjelde]. Fordelar som lagare kostnadar, betre sikkerheit og leverandoruavhengigheit har resultert i eit veksande interesse for Linux, bade fra kommersielle foretak og fra offentlege myndigheiter. Fleire statlege og private institusjonar, som dei kommunale tenesstane til byen Munchen, spanske myndigheiter, Det franske parlamentet, Industrial and Commercial Bank of China, Federal Aviation Administration i USA, forsvarsdepartenentet i USA, ubat-flaten til USA, nyttar Linux.[7]

Linux og andre frie programvareprosjekt har ofte blitt kritisert for a ikkje ga langt nok for a sikre nytteverdi, og sporsmalet om Linux sin nytteverdi samanlikna med Windows eller Macintosh er kraftig debattert. For dei som berre er kjend med Windows eller Mac kan systemet vere vanskeleg sidan mange oppgaver ikkje fungerer pa ein identisk mate.

I tillegg ma kanskje brukarar bytte ut sine gamle brukarprogram med nye, og tilsvarande program kan i somme tilfelle ikkje vere tilgjengelege, eller der er faerre alternativ for nokre oppgaver, som til domes dataspel. Vanlege program som rekneark og tekstbehandlarar og nettlesarar er tilgjengeleg for linux i storre utval, og grunna fri distribusjon er det storre valfriheit. Dei fleste Linux distribusjonane har to eller fleire metodar for a installere programvare pa, fleire kontorprogram kjem no med eigne automatiserte installasjonsprogram. Grunna motvilje til a endre det faktum at dei fleste nye maskiner kjem med Windows pre-installert, gar utbreiinga av nye skrivebordsystem sakte. Linux ser likevel ut til a vera pa gli i denne marknaden med fleire produsentar som pre-installerer Linux, og mange organisasjonar som har hatt fire fem ar med erfaring med Linux. Marknadsdelane blir truleg storre etter kvart som Linux blir meir brukt pa arbeidsplassar og skular, og fleire blir komfortable med a bruke systemet.

Stotte for ny eller sjeldan/saer maskinvare er framleis eit problem. Sjolv om mange maskinvareutviklarar lagar linuxdrivarar, ma storparten av tilgjengelege drivarar tilverkast av frivillige etter at produktet er lansert. Ofte krev denne utviklinga (bakvendt utvikling) mykje arbeid, sidan maskinvareleverandorane ofte nektar a offentleggjere firmware eller maskinvarespesifikasjonar for sine produkt.

Der har vore motstridande studiar om Linux sin brukarvennlegheits og kostnad [treng kjelde]. Det tyske konsulentselskapet Relevantive, konkluderte i ei studie fra 2003 med at brukarvennlegheita i Linux for spesifikke skrivebordrelaterte oppgaver var <Windows XP[treng kjelde].>> Pa den andre sida har Microsoft-sponsa studiar utfort av IDC konkludert med at det kostar meir totalt a bruka Linux samanlikna med Windows (hogare TCO)[treng kjelde].

Linuxdistribusjonar har blitt kritisert for a bli oppdaterte uforutsigbart, og difor er gjere kommersielle brukarar mindre komfortable med Linux enn med andre system.[8] Men somme observatorar hevdar at intervalla mellom distribusjonsutgjevingar av Linux ikkje er verre, og ofte betre enn dei hyppige utsettingane som ofte oppstar med andre operativsystem.[treng kjelde] Det store talet av linuxdistribusjonar kan og forvirre brukarar og programvareleverandorar. A. Wheeler[9] har samla informasjon fra fleire studiar av ope kjeldekode, om marknadsdelar, stabilitet, og fleire studiar som spesifikt granskar Linux.

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Installasjon

[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var installasjon ei barriaere mot adoptasjon av Linux-baserte system, men prosessen har blitt gjort mykje enklare i seinare tid. Mange distribusjonar er like enkle a installere som ein liknande versjonar av Microsoft Windows. Mange distribusjonar inneheld mykje meir programvare enn Windows, slik at ein ikkje treng bruka tid pa ekstra installasjonar etter operativsystemet. Ein treng normalt ikkje fikla med lisensnummer. PC-ar med Linux pre-installert er tilgjengeleg fra fleire leverandorar.

Den vanlegaste maten a installere Linux pa, stotta av alle store distribusjonar, er a starte opp fra ein CD, eller DVD, som inneheld bade installasjonsprogrammet, operativsystemet og anna programvare. Slike CD-ar kan brennast fra ei ISO-fil som ein forst lastar ned, eller kjoper for ein lag pris. Ein kan og kjopa ein pakke som ofte ogsa inneheld manualar og kommersiell programvare.

Somme distribusjonar, slik som Debian, kan bli installert med eit lite sett diskettar. Etter installasjonen av eit basissystem, kan meir programvare leggast til ved hjelp av Internett eller CD-ar.

Knoppix og diverse andre, kan koyrast direkte fra ein aktiv CD (live CD), framfor a installere det til harddisken. Pa denne maten kan ein koyre linux utan a gjere nokon endringar pa innhaldet pa platelageret. Andre minimale distribusjonar, som til domes tomsrtbt, kan koyrast direkte fra ein diskett utan a matte endre noko pa harddisken.

Enda ei metode a installere Linux pa er a installere pa ei kraftig maskin som skal brukast som filtenar, og a bruke vanlege, svakare maskiner (moglegvis utan platelager, med mindre minne og svakare CPU) som klientar over eit nettverk. Brukarane arbeider pa kvar sin klient, som kommuniserer med hovudfiltenaren over nettet og hentar og lagrar filer pa tenarmaskina.

Ein linuxterminalmaskin er ei enkel maskin som fleire klientar kan kople seg til pa denne maten sa ein far fordelen av a installere Linux pa mange maskiner for kostnaden av a installere pa ein. Klientane kan vere ordinaere PC-ar med ein nettverkoppstartlastar pa ein disk eller ein nettverkkontroller. Variasjonar pa denne metoden inkluderer lokale harddiskar og datakraft til a koyre applikasjonar. Kostnadsparingane ein far ved a bruke tynnklientar kan investerast i datakraft eller lagring pa tenaren med store fordelar.

Mange distribusjonar stottar og oppstart over nettverket, sa ein installering pa ei skikkeleg oppsett maskin kan gjerast over eit nettverk.

Installasjon pa ein eksisterande plattform

[endre | endre wikiteksten]

Sjolv om mange distribusjonselskap no legg ned store ressursar for a utstyre brukarane med avanserte, enkle og spesifikke installasjonar, har mange nybyrjarar (saerleg dei som tidlegare har nytta Microsoft Windows og Mac) framleis kjensla av at skiftet er vanskeleg. Mange loysingar er utvikla for a loyse desse problema. WinLinux, til domes, let brukarar installere Linux pa eit eksisterade system. Etter nedlasting av arkivet (over 100 MByte) kan installasjonsfila koyrast pa same mate som ved installere eit Windows-program. Etter installasjonen kan ein velja om ein startar opp med det gamle operativsystemet, eller med Linux. Programvara er ein fullverdig linuxdistribusjon. Skilnaden er at det ikkje er naudsynt a ein eigen partisjon pa platelagret, sidan Linux er installert pa ein Windows-partisjon.

Virtual PC-teknologi gjer det mogleg a koyre Linux (eller eit vilkarleg anna OS) pa ei Windows-maskin. Virtual PC-programvara vil simulere eit isolert miljo der Linux-systemet kan installerast. Etter at installasjonen er fullfort kan den virtuelle PC'en startast opp. Han vil fungere pa same mate som ein standard PC med Linux, men hastigheita og stabiliteten er darlegare.

Konfigurasjon

[endre | endre wikiteksten]

Konfigurasjon av dei globale innstillingar er lagra under /etc, medan brukarspesifikke innstillingar er lagra i skjulte filer i brukaren si /home-mappe. Nokre fa program brukar ein konfigurasjonsdatabase i staden for filer.

Der er ein mengde forskjellige matar a endre desse innstillingane pa. Den enklaste maten er a nytte verktoy som fylgjer med distribusjonane, slik som SuSE sin YaST eller Mandrake sitt <>. Andre, som t.d. Linuxconf, Gnome System Tools og Webmin er distribusjonuavhengige. Der finst og kommandolinjeverktoy som kan brukast til konfigurering. Sidan nesten alle innstillingar er lagra i vanlege ASCII-filer kan dei og endrast med ein teksthandsamar.

Linuxkjerna inneheld full nettverkstotte, basert pa Internet Protocol, og innebygd brannmur/router (Netfilter). Netfilter kan konfigurerast ved hjelp av lagnivaskript, eller med verktoy som til domes ufw, eller det tilhoyrande grafiske brukargrensesnittet Gufw.

Windows-emulering

[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje program kan koyra windowsapplikasjonar under Linux, med varierande niva av suksess. WINE, Win4Lin og WINE-baserte program som Crossover Office og Transgaming sin Cedega brukar eit applikasjonskompatibiliteslag som gjer det mogleg a koyra somme windowsprogram pa Linux med bortimot lik hastigheit (det er attpatil mogleg a koyre visse program raskare i Linux), utan a betala for ein windowslisens.

VMware er eit proprietaert maskinvarevirtualiseringprogram som koyrer andre operativsystem pa ei virtuell maskin med naer perfekt funksjonalitet, men med monaleg darlegare fart enn normalt. CPU-emulatorar (som Bochs eller QEMU) kan brukast, men da med vesentleg lagare fart.

Brukarstotte

[endre | endre wikiteksten]

Teknisk brukarstotte blir tilbydd av kommersielle aktorar og andre linuxbrukarar, vanlegvis i nettforum, nyheitsgrupper og e-postlister. Linux-brukargrupper (<>-ar) over heile verda hjelper mange brukarar, oftast lokalt, og held ofte <> der brukarar kan installere Linux med ei hjelpande hand.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. | https://9to5linux.com/linux-kernel-6-14-officially-released-this-is-whats-new.
  2. | Tannenbaum, A.S., Operating systems: Design and implementation, Prentice-Hall, 1987.
  3. | Free minix-like kernel sources for 386-AT, comp.os.minix, 5.10.1991
  4. | The Cathedral and the Bazaar, 21.11.2006.
  5. |
  6. | https://assignments.uspto.gov/assignments/q?db=tm&rno=1916230
  7. | <<50 places Linux is running that you might not expect>>. Compare Business Products. 23. mars 2010.
  8. | Marcinkowski, A., Linux needs reconsideration, CNet New.com 05.08.2003.
  9. | Wheeler, A., Why Open Source Software / Free Software (OSS/FS)? Look at the Numbers!, 16.04.2007.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Linux
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Linux