Hopp til innhald

Republikk

Fra Wikipedia - det frie oppslagsverket

Ordet republikk kjem fra uttrykket res publica pa latin. Det betyr noko slikt som <>. Ein republikk er eit styresett der statsoverhovudet pa ein eller annan mate er vald av folket, i motsetning til eit monarki, der det a vere statsoverhovud, altsa staten sin formelt ovste leiar, er eit verv som gar i arv. Det fanst republikkar alt i antikken, bade bystaten Athen og romarriket var republikkar ei tid. I nyare tid er republikanisme* i hog grad knytt til demokratiseringa av samfunnet sidan 1700-talet. Sa lenge monarkane og andre (adel) hadde medfodde saerrettar (privelegium) som gav makt over samfunnet, er det klart at dette stod i vegen for demokratiseringa. Dei konstitusjonelle monarkia har provd a loyse det paradokset monarkiet er i eit moderne demokratisk samfunn ved a gjere monarken til eit symbol utan (mykje) makt. I republikkane har dei valde presidentane alt fra ei vesentleg grad av utovande makt (Frankrike, USA, Russland), til delt makt med statsminister og folkevalt parlament (Frankrike), til mesta berre symbolsk funksjon (Island, Tyskland). Nokre presidentar er valde direkte av folket, andre indirekte av folkevalde organ.

Republikanisme

[endre | endre wikiteksten]

Republikanisme er det a vere republikanar det vil seie a ga inn for republikk i staden for monarki som statsform. Men i somme land har republikanisme og det a vere republikanar, fatt spesielle tydingar: Saleis til domes i USA, der Republikanarane er namnet pa hogrepartiet, og i Nord-Irland, der ein republikanar er ein som som gar inn for gjenforeining med Republikken Irland, i staden for framleis union med Det Sameinte Kongedommet, Storbritannia (UK).