Hopp til innhald

Aten

Fra Wikipedia - det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Athen)
Aten
Athena
hovudstad
Land Hellas
Periferieining Sentral-Aten
Periferi Attiki
Hogd 70-338 m
Areal 39 km2
Folketal 643 452 (2021)[1]
* Omegn 3 090 508
Folketettleik 16 514,0 / km2
Grunnlagd 2000-talet fvt.
Postnummer 10x xx, 11x xx, 120 xx
Retningsnummer 21
Bilnummer Yxx, Zxx, Ixx (men ikkje INx)

Aten
37deg59'03''N 23deg43'41''E / 37.984166666667degN 23.728055555556degE / 37.984166666667; 23.728055555556
Wikimedia Commons: Athens
Nettstad: www.cityofathens.gr

Aten, eller Athen, (gresk Athena Athina) er hovudstaden i Hellas, og ligg sorvest i landet. Byen er den storste i Hellas med om lag 2 650 000 innbyggjarar i byomradet, medan storbyomradet (Athen og Pireus) har rundt 3 100 000 innbyggjarar. Folketalet har vakse kraftig i dei siste tiara, og Aten er prega av trafikkproblem og luftureining. I dag er den greske hovudstaden det 8. storste storbyomradet i Europa. Storbyomradet er eit okonomisk, industrielt, politisk og kulturelt senter i Hellas. Byen er og vorte eit handelssenter i EU. Sjolve byen har eit areal pa 39 km2, medan storbyomradet har eit areal pa 412 km2.

Aten var eit senter for kunst, kunnskap og filosofi, heimstad for Platon sitt akademi og Aristoteles sitt Lykeion. Aten var og fodestad for Sokrates, Perikles, Sofokles og mange andre framstaande filosofar, forfattarar og politikarar i antikken. Ofte vert byen kalla vogga til den vestlege siviliasjonen[2] og fodestaden til demokratiet,[3] hovudsakleg pa grunn av det atenarane oppnadde kulturelt og politisk pa 400- og 300-talet f.Kr.[4]

Arva fra antikken er framleis godt synleg i byen, som ein kan sja pa dei mange antikke monumenta og kunstverka. Mest kjend av alle er Parthenon pa Akropolis, som star som eit episk landemerke for den vestlege sivilisasjonen. Byen inneheld og mange monument fra romersk og austeromersk tid.

Aten var vertsby for dei forste moderne olympiske leikane i 1896, og 108 ar seinare var dei igjen vertsby for sommar-OL.

Fra 2011 er Aten ein del av periferieininga Sentral-Aten i periferien Attiki.

Utsikt over Aten fra Akropolis.
Hefaisteion

Dei eldste spora av menneske i Aten er fra yngre steinalder. I bronsealderen oppstod eit meir organisert samfunn, ein del av den mykenske palasskulturen. Etter denne kulturen fall omkring 1200 f.Kr. folgde den morke tidsalderen (om lag 1200 til 900 f.Kr). Det er fra denne perioden ein del spor etter aktivitet i Aten, men det ser ikkje ut til a ha vore eit samfunn som var organisert i noko saerleg grad.

Byen byrja a vekse rundt 900 f.Kr. Fram til omkring 640 f.Kr. var Aten eit kongedome med ei aristokratisk styreform. Atenarane la under seg Attika i denne perioden. Medan alle greske bystatar hadde kontroll over eit omrade rundt sjolve byen, skil Aten seg ut med eit saers stort territorium. Under tyrannen Peisistratos byrja byen a markere seg som eit sentrum for kunsthandverk og arkitektur.

I 510 f.Kr. fekk motstandarane av tyranniet hjelp fra Sparta (i dag Sparti) til a endre styreforma. Det atenske demokratiet var eit direktedemokrati med ei rekkje saerpreg.

Sidan 558 f.Kr. hadde persarane drive ein gradvis ekspansjon. Persiske styrkar kom til det greske fastlandet i 490 f.Kr.. I lopet av krigen vart Aten omleira, og matte evakuerast to gonger, men i 479 f.Kr. vart persarane slatt ved Plataiai, og gav opp forsoket pa a erobre Hellas.

Aten hadde vorte den dominerande bystaten i Hellas, noko som skapte uro i Sparta. Krigane mellom dei enda til slutt med Aten sitt nederlag, og da Filip II av Makedonia ekspanderte inn i Hellas, hadde ikkje atenarane sjans til a sta imot. Byen var i hans kontroll, og son hans, Aleksander den store, styrkte denne kontrollen.

Aten heldt fram a vere ein viktig by og i hellenistisk tid, men var ikkje lenger ein sjolvstendig stat. Byen vart leiande pa kultur og utdanning, og dei filosofiske skulane tiltrekte seg studentar fra store delar av den greske verda - og etter kvart og den romerske.

Mellem 357 og 355 f.Kr. kriga Aten mot forbundsfellane Rhodos, Kos og Khios fordi dei reiv seg laus fra det andre attiske sjoforbundet.[5]

Hellas vart innlemma i Romarriket i 86 f.Kr.. Aten fekk enno mindre paverknad politisk sett, men vart viktig som utdanningssenter. Paulus reiste mellom anna til Aten for a forkynne kristendommen, og Hellas vart eit av dei forste omrada Romarriket som tok til seg den nye trua. Dette markerer byrjinga pa slutten for Aten som utdanningssenter, men det var ikkje for under keisar Justinian at det vart stengt, i 529.

Aten var i austromersk tid berre ein provinsby. Mange av kunstverka i byen vart flytta til Konstantinopel, og han vart plyndra fleire gonger utan a ha sjans til a sta imot. Fra 1204 til 1458 kjempa austromarane mot franske og italienske riddarar om kontroll over Aten og andre greske byar. Den franske La Roche-familien fekk tittelen Hertug av Aten. Pa 1300-talet herska katalanske og sicilianske adelsmenn i Aten.

Det osmanske riket erobra Aten i 1458. Dei gjorde mykje for a bevare dei antikke bygningane i byen, men nokre endringar vart gjort - Parthenon vart gjort om til moske. Pa 1600-talet gjekk venetianarane til atak pa byen, og i 1687 vart Parthenon oydelagd da ei kanonkule trefte eit ammunisjonslager i det gamle tempelet. Mykje av det som stod igjen etter stridane vart nytta som bygningsmateriale. Aret etter sette tyrkarane byen i brann, og i 1778 bygde dei ein bymur av restar fra antikke monument.

Greske opprorarar erobra Aten i 1822 under den greske sjolvstendekrigen, men tyrkarane tok han tilbake i 1826. Dei heldt han til 1833, da dei matte gje tapt for grekarane. Aten vart da hovudstad for Hellas. Byen var pa det tidspunktet ikkje sa mykje meir enn ei husklynge nedanfor Akropolis, der bydelen Plaka ligg i dag.

Plassering og infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Stor-Aten har eit folketal pa om lag 3,1 millionar, nesten ein tredjedel av folketalet i heile Hellas. Byen voks sterkt etter den andre verdskrigen, saerleg fram til om lag 1980. Dette har medfort stor forureining, eit problem som i dei seinare ara har fort til store investeringar i infrastruktur. Spesielt mykje vart gjort etter 1996, da Aten vart tildelt dei olympiske sommarleikane i 2004. Mykje av midlane til dette kom fra EU. Forureininga vart og verre pa grunn av klimaet, da temperaturinversjonar forer til at utslepp vert liggande som eit lok over byen.

Byen ligg pa den sentrale sletta i Attiki, som grensar til fire fjell: Egaleo i vest, Parnitha i nord, Pendeli i nordaust og Ymittos i aust. Mot sorvest ligg Saroniabukta. Aten dekkjer i dag heile sletta, og kan i liten grad vekse utover pa grunn av desse naturlege grensene.

Grunnen er steinete, og det er lite dyrkbar mark. Byen sitt naturlege og historiske sentrum er Akropolis, og det er i dette omradet ein og finn dei eldste spor etter menneske. Det moderne sentrumet er Syntagmaplassen (Grunnlovsplassen), der parlamentet ligg.

Hamnebyen Pireus var opphavleg ein eigen by, men har vore innlemma i Stor-Aten.

Turistattraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Aten var eit turistmal allereie i antikken. Det er framleis dei antikke monumenta som trekk turistane. Forureininga og trafikkproblema som plagar byen gjer den elles ikkje til det ideelle reisemalet. Mykje har vorte gjort for a betre pa dette, mellom anna ein kraftig opprusting av omradet rundt Akropolis. Store delar av omradet er no sperra for biltrafikk, noko som og gjev litt meir vern mot forvitring av marmoren.

Akropolis med Parthenon, tempelet til Atene.

Akropolis med Parthenon, Erekhteion og andre klassiske bygningar er dei viktigaste turistmala. Rett utanfor inngangen ligg Areopagos, hogda der Folkedomstolen heldt til. Ved trappa opp pa denne hogda star ei bronseplate med utdrag fra Apostelgjerningane til minne om Paulus si forkynning i Aten.

Nedanfor Akropolis ligg agoraen i Aten, som var torget i antikken. Dette er i dag eit arkeologisk utgravingsomrade. Pa eit hogdedrag over agoraen ligg Hefaisteion, som vert rekna det best bevarte doriske tempelet i verda.

I naerleiken av Syntagmaplassen ligg Kallimarmaro stadion. Denne idrettsarenaen er fra antikken, og er saers grundig rekonstruert med tribunar i marmor etter dei originale mala. Det er plass til omkring 60 000 tilskodarar. Han har ei anna form enn den ein kan sja pa moderne anlegg - langsidene er langt lengre i forhold til kortsidene. Han vart nytta som hovudarena i dei forste moderne olympiske leikane i 1896, men er i dag ikkje egna fordi utovarane ikkje er vand til dei krappe svingane. Han vart i sommar-OL 2004 derfor berre nytta til avslutninga av maratonovinga.

Det storste museet i Aten er Det nasjonale arkeologiske museet. Her finn ein den storste samlinga i verda av antikk gresk kunst. Andre populaere museum er Benakimuseet og museet for kykladisk kunst.

Utanom dei antikke leivningane er Plaka den mest populaere bydelen. Her finn ein Aten sitt vidkjende loppemarknad, og eit mylder av smabutikkar i dei tronge gatene. Mange av gatene er stengd for biltrafikk. Bydelen Psirri er populaer for sine mange utestader.

Ein ny attraksjon i Aten er arenaene etter sommar-OL 2004.

Infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Aten har lenge hatt eit metrosystem, med ei linje fra byen til Pireus. Metroen har vorte sterkt opprusta og fekk to nye linjer i samband med OL. Som i andre antikke byar har dette vore eit vanskeleg og dyrt arbeid, da ein heile tida stoyter pa leivningar av antikke bygningar. Ei av linjene gar til flyplassen. I tillegg til metro er det bade buss og trikk.

Eleftherios Venizelos lufthamn opna for trafikk i mars 2001. Denne erstatta den gamle Ellinikon lufthamn.

Det gar motorvegar nordover mot Thessaloniki og vestover mot Korint. Sistnemnde held fram vidare bade til Tripoli og Patra.

Lokalstyre

[endre | endre wikiteksten]
Plasseringa av kommunen Aten i periferien Attiki

Stor-Aten omfattar i dag 40 kommunar,[6] fordelt pa 35 i dei fire periferieiningane Sentral-Aten, Nord-Aten, Vest-Aten og Sor-Aten og fem i periferieininga Pireus. Den storste er Aten kommune (gresk Demos Athenaion, Dimos Athineon) i periferieininga Sentral-Aten, med vel 640 000 innbyggjarar.[1] Den nest storste er hamnebyen Pireus. Kvar av kommunane har ei vald radsforsamling og ein borgarmeister.

Bydelane i byomradet til Aten er:

BydelKommunePerifereieiningFolketal 2011[7]Folketal 2021[1]
AtenAtenSentral-Aten664 046643 452
PeristeriPeristeriVest-Aten139 981133 630
KallitheaKallitheaSor-Aten100 64197 616
GlyfadaGlyfadaSor-Aten87 30589 597
IlioIlioVest-Aten84 79384 004
KhalandriKhalandriNord-Aten74 19277 102
IlioupoliIlioupoliSentral-Aten78 15376 730
Nea SmyrniNea SmyrniSor-Aten73 07672 853
MarousiMarousiNord-Aten72 33371 830
Ajos DimitriosAjos DimitriosSor-Aten71 29471 664
ZografouZografouSentral-Aten71 02669 874
EgaleoEgaleoVest-Aten69 94665 831
Paleo FaliroPaleo FaliroSor-Aten64 02164 863
Nea IoniaNea IoniaNord-Aten67 13464 611
Ajia ParaskeviAjia ParaskeviNord-Aten59 70462 147
PetroupoliPetroupoliVest-Aten58 97960 146
VyronasVyronasSentral-Aten61 30859 134
GalatsiGalatsiSentral-Aten59 34557 909
IraklioIraklioNord-Aten49 64250 494
KifisiaKifisiaNord-Aten47 33248 700
KhaidariKhaidariVest-Aten45 64245 987
AlimosAlimosSor-Aten41 72043 174
ArjyroupoliElliniko-ArjyroupoliSor-Aten34 09733 312
VrilissiaVrilissiaNord-Aten30 74132 417
Aji AnarjyriAji Anarjyri-KamateroVest-Aten34 16832 283
KholargosPapagou-KholargosNord-Aten30 84031 304
MetamorfosiMetamorfosiNord-Aten29 89130 174
KamateroAji Anarjyri-KamateroVest-Aten28 36129 179
Ajia VarvaraAjia VarvaraVest-Aten25 55026 759
KesarianiKesarianiSentral-Aten26 37026 269
MoskhatoMoskhato-TavrosSor-Aten25 44125 322
Nea FiladelfiaFiladelfia-KhalkidonaSentral-Aten25 73425 198
MelissiaPendeliNord-Aten22 74123 618
DafniDafni-YmittosSentral-Aten22 91323 431
PevkiLykovrysi-PevkiNord-Aten21 41521 293
Nea ErythreaKifisiaNord-Aten18 03818 604
EllinikoElliniko-ArjyroupoliSor-Aten17 25916 715
TavrosMoskhato-TavrosSor-Aten14 97214 339
PapagouPapagou-KholargosNord-Aten13 69913 962
Neo PsykhikoFilothei-PsykhikoNord-Aten10 13710 671
Ymittos i AtenDafni-YmittosSentral-Aten10 71510 455
Nea KhalkidonaFiladelfia-KhalkidonaSentral-Aten9 8229 760
LykovrysiLykovrysi-PevkiNord-Aten9 7389 705
PsykhikoFilothei-PsykhikoNord-Aten9 5299 595
FilotheiFilothei-PsykhikoNord-Aten7 3027 370
Nea PendeliPendeliNord-Aten7 1986 916
EkaliKifisiaNord-Aten5 8895 574
PendeliPendeliNord-Aten4 8515 076
SkaramagasKhaidariVest-Aten1 2551 064

Kjende personar fra Aten

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 Folketeljing 2021
  2. | Athens Info Guide: History of Athens
  3. | BBC History on Greek Democracy
  4. | Encarta: Ancient Greece, arkivert fra originalen 28. oktober 2009, henta 9. september 2007
  5. | Amundsen, Leiv (22. februar 2017). <>. Store norske leksikon (pa norsk).
  6. | Nomos 3852/2010 - PhEK 87A/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert fra originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
  7. | Folketeljing 2011, revidert

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Aten