Light Mode

Hopp til innhald

Howth

Fra Wikipedia - det frie oppslagsverket
Howth
by
Land Irland
Region Dublin
Fylke County Fingal
Provins Leinster
Folketal 8 706 (2002)

Howth
53deg23'06''N 6deg03'33''W / 53.3851degN 6.0591degW / 53.3851; -6.0591
Wikimedia Commons: Howth

Howth (uttalt /'hoUth/ HOATH; irsk Binn Eadair) er ein landsby og nordleg forstad til Dublin i Irland. Det er vanleg a rekna med at det engelskspraklege namnet kjem fra norront hofud ('hovud'), noko som og er sannsynleggjort av at vikingane gjekk i land og etablerte seg i dette omradet. Dersom ein ser pa eit lokalt kart [1] vil ein og sja at den halvoya som landsbyen ligg pa stikk ut i Irskesjoen og kan tolkast som eit hovud med andletet vendt mot Storbritannia.

Distriktet Howth utgjer storstedelen av halvoya Howth Head, og er den nordlege avgrensinga av Dublin-bukta. Historisk har Howth vore ein landleg fiskarlandsby, men har vorte forma om til ein relativt velstaande forstad, med butikkar, kioskar, pubar, restaurantar, golfbanar og ein av dei to nordlege endehaldeplassane for Dublin Area Rapid Transit (DART). Den andre nordlege endehaldeplassen er Malahide. Dette lokaltogsystemet bind saman kysten sor og nord for Dublin sentrum.Like utanfor landsbyen ligg og eit av dei eldste bygga i Irland som framleis er i bruk, Howth Castle.

Plassering og kommunikasjonar

[endre | endre wikiteksten]
Howth stasjon, Dublin Area Rapid Transport.

Halvoya Howth Head <> 13 kilometer aust-nord-aust for Dublin sentrum, pa nordsida av Dublinbukta, og landsbyen Howth ligg 15 kilometer fra sentrum. Sjolv om Howth er a rekna som ein forstad til Dublin ligg det i grevskapet Fingal, som kjem av irsk Fine Gall, 'framand stamme'. Ytst pa halvoya, er landsbyen Howth endepunktet regionalveg 105 (R105), men det gar veg rundt halvoya.

Ein kjem seg fra Dublin sentrum til Howth med lokaltog (Dublin Area Rapid Transport) eller med buss. Dersom ein er i sentrum og pa sorsida av elva Liffey kan ein ta lokaltoget fra Pearse Station. Er ein i sentrum pa nordsida av elva, tek ein lokaltoget fra Connolly Station. Pa vegen har toget haldeplassen Clontarf Road, naer staden slaget ved Clontarf stod paska 1014. Dette var slaget som markerte starten pa slutten for vikingstyre i Irland. Ein kan og ta ulike variantar av bussrute 31 til Howth fra ein haldeplass ikkje langt unna Connolly station.

Howth er ei stor fiskarhamn, og har fleire gode fiskerestaurantar. Like nord for landbyen ligg den folketome oya Ireland's Eye og Lambey Island (direkte omsett 'Lamoy-oya'). Pa den siste finst ei kystvakthamn, nokre bygg og ein tennisbane.

Etter av Brian Boru vann slaget ved Clontarf i 1014, flykta vikingane til Howth for a omgruppera seg og hadde tilhald der til dei leid nederlag og normannarane overtok i 1177. Howth var eit baroni fra 1181, og vart seinare eit jarledome. Fra 1500-talet, om ikkje noko tidlegare, var Howth ei mindre handelshamn. Fra tidleg 1800-tal var Howth hamn for postskip, posthamna vart seinare flytta til Dun Laoghaire, sor for Dublin.

Under fyrste verdskrigen, 26. juli 1914 vart 1500 Mauser M1871-riflar smugla i land av Erskine Childers og hans folk, fra baten Asgard, oppkalla etter den store gudeborga Asgard i norron mytologi. Vapna var til bruk for Irish Volunteers, og mange av dei vart nytta i paskeopproret i 1916 (Dublin) og i den pafylgjande anglo-irske frigjeringskrigen (1919-1921).[2]

Hamna vart mykje ombygd mot slutten av 1900-talet, med atskilde omrade for fiskebatar og fritidsbatar. Howth Castle vart selt i 2019.

Turisme og friluftsliv

[endre | endre wikiteksten]

Bade landsbyen og halvoya Howth er populaere mal for turisme og friluftsliv. Det er populaert bade blant turistar og fastbuande a ga turar pa piren og langs pub- og restaurantrekkjene pa godversdagar. Fiskerestaurantane er saerleg populaere, og omradet er populaert for turgaarar, joggarar, syklistar, fuglekikkarar og fiskarar.

Kjende innbyggjarar

[endre | endre wikiteksten]

Ei rad kjende personar er fodde eller har budd i Howth og pa Howth-halvoya.

Panoramabilete av hamna i Howth i 2011.
  1. | Kart over omradet fra Google maps. Henta 18. august 2019.
  2. | Guy De la Bedoyere m.fl. (red.); Irish History. An illustrated A-Z. London, Flame Tree Publishing 2015, s. 114f. ISBN 978-1-78361-620-6